Brandal – Runde med Polarstar
Til fugleøya Runde på fugl- og selsafari. Onsdag 19. juni 2024 kl. 18.00

Turen går med den polarhistoriske, ishavsskuta «Polarstar», Noregs første selfangstskute bygd i stål i 1948, til den berømte fugleøya Runde, ytst mot storhavet. Øya er ein populær utfartsstad året rundt, men er spesielt spanande om sommarstid på grunn av det yrande fuglelivet. I sesongen finst det omlag 100.000 sjøfugl på øya, dei fleste lever på fuglefjellet.
Runde er ei av mange øyer i øygruppa «Sørøyane» sørvest for Ålesund. Det er den sørlegaste fuglefjellet i Norge, og den største fugleøya sør for polarsirkelen. Turen startar på Brandal kl. 18.00. Deretter set vi kursen mot Runde fyr og vidare rundt til fuglefjellet. Med på turen har vi guide/naturrettleiar frå Runde Miljøsenter som vil fortelje oss meir om Runde og all hekkande sjøfugl der.
På returen går vi nær Grasøyane på selsafari og kanskje er vi heldige og ser sel på turen. Tilbake i Brandal ca. kl. 22.00.
Inkludert i prisen på kr. 775,- er ein spanande båttur med veteranskuta Polarstar, servering av fiskesuppe brød, og kaffi.