Etter sesongen i Vesterisen i 1998 fekk ikkje Polarstar godkjenning for fleire fangstturar. Skipskontrollen kravde omfattande reparasjonar for ny sertifisering, og det vart for mykje for reiarlaget. Skuta var 50 år, og Karlsen-firmaet såg inga anna råd enn å selje henne.

Det var ei sørgmodig Else Karlsen som sa til Vikebladet:

”Eg er bitter på måten vi har blitt behandla på av Skipskontrollen. Vi har utført alt dei har gitt oss pålegg om på dei rutinemessige kontrollane sine, og vi har ikkje fått noko førevarsel om at skuta stod i fare for å miste sertifikata sine. Før vi gjekk i Vesterisen i vår, investerte vi derfor fleire millionar kroner på Polarstar, seier ho.”

Polarstar vart selt til Jan Arve Jøsok og Olav Godø, som ikkje la skjul på at dei kjøpte på grunn av metallet. Pionerskuta var manøvrert til kaiplass i Gursken og venta på å bli spiker – og eit svensk firma var på veg for å ta resten av utstyr og inventar – då ein utflytta brandøling greip inn.

Strengt tatt vart ideen om å berge skuta frå den siste reis, fødd på Ishavsmuseet. Der prata dei mykje om Polarstar, og få såg betre enn styrar Webjørn Landmark kva slags kulturminne som var i ferd med å gå tapt. Han fekk planta eit initiativ i sambygdingen Lars Brandal. Og i fellesskap fann dei vegen å gå og mannen å snakke med: Bjarne Brandal i Haugsbygda på naboøya.