(Utdrag av ein samtale med Rolf Nakken (f. 1939) om livet som mannskap på Polarstar med ekspedisjonar til Grønland og Svalbard, og den tida skuta var i teneste for Polarinstituttet og Sysselmannen.)

– Er det åra på Svalbard som sit sterkast igjen i minnet?

– Ja, det va’ der vi va’ mest. Alt anna va’ litt hist og pist. Fine’ avveksling, men det va’ no Svalbard som va’ sikkert.

– Det var stor aktivitet på Svalbard den tida, og nærast byar, desse leirane deira?

– Ja, nei, det va’ no då dei va’ så optimistiske og trudde det va’ olje på kvart eit nes der oppe. Der va’ i alle fall eit fransk selskap som vi… vi frakta både folk og utstyr oppover og låg no der. Dei bodde no stort sett om bord til dei hadde fått etablert dissa leirane sine. Men så begynte Polarstar veldig tidlig å gå for Norsk Polarinstitutt. Omtrent med det same ej bjynte der så hadde vi oppdrag for dei.

– Sommarturar for Polarinstituttet.

– Ja, då va’ det alt muleg vi fór rundt der og gjorde. Lodding inn i fjordane, fyrlykte, la ut proviant og utstyr til dissa hyttene rundt om, ei masse slike nødhytte. Opererte ein del på den østre del av Svalbard, der det både va’ minst opplodda og minst aktivitet. Mykje styr.

– Hadde reketrålarane begynt der oppe då?

– Ja, men dei va’kje der. Det va’ små båta nedi Isfjordområdet og i Hornsund. Men så kom dei større, og då va’ dei no oppe i Hinlopen og der. Men det va’ eit trasig område å ferdast i, veit du, va’ aldri heilt sikker. Spesielt på austsida. Måtte henge over ditta ekkoloddet heile tida når vi gjekk der. Det va’ ofte med hjerte i halsen.