På byrjinga av 70-talet raste oljefeberen i dei norske havområda så sterkt at den også råka Svalbard, godt i forkjøpet av den store debatten om boring i arktiske område. Polarstar hadde desse åra fleire oppdrag som forsyningsskip for oljeselskapa. Og for mannskapet var det ei fin avveksling frå selfangsten. Dei fekk vere i isen, men på stader der dei vanlegvis ikkje kom.

Hausten 1971 leitte det franske selskapet Total etter olje ved Edgeøya. Året før hadde Polarhav med Ottar Brandal som skipper lodda opp Tjuvfjorden på sørvestsida av øya, slik at franskmennene kunne ta seg trygt inn der og etablere basen sin.

(Det skal i parentes nemnast at det var på denne turen med Polarhav at Dagbart ”Dagen” Hareide vart tatt for å vere industrispion. ”Dagen” – den kjende flygar og svevebåtførar – hadde nemleg ein gong tidlegare vore på oljeleiting i Alaska for det amerikanske selskapet Western. På turen for det franske selskapet ved Svalbard var han matros, men var uforsiktig nok til å gå rundt med merket til det amerikanske selskapet på jakka si. Svært mistenkeleg, meinte franskmennene.)