Eg trur alle menneskje har noko dei MÅ oppleve i løpet av livet. Etter kvart som eg vart vaksen var selfangst i Vesterisen den tingen for meg. I 1992 lukkast det å få det til.

Trass i sjøverk stortreivst eg både med arbeidet og om bord i skuta.

Med ein Vesteristur og ein sommar på Svalbard med Polarstar, er det nok rett å seie at Polarstar har betydd meir for meg, enn kva eg har betydd for skuta. Det kjem klart føre meg her eg sit og mimrar om sommaren 93 i turistfart på Svalbard.

Og eg sette eit avtrykk der som vart større enn eg hadde sett for meg:

”No har Riksantikvaren freda fotskapet ditt”, var meldinga over telefonen her i vinter. ”Så no må du ta å skrive historia om korleis skapet vart til!”

Willy prata som vanleg med utestemme. Eg oppfatta det som ein ordre. Derfor desse linjene.