Det utvikla seg kjærleik mellom folket på Svalbard og Polarstar gjennom dei mange åra skuta stasjonerte i Longyearbyen frå 70- til 90-talet. Særleg vart ho eit populært innslag i kvardagen dei åra ho gjekk som sysselmannsskute frå 1979 til 1988, kjær når ho kom på forsommaren og kjær og sakna når ho gjekk sørover att til jul. Det vart eit årleg desemberrituale å skyte opp signalrakettar frå kaia når Polarstar avslutta sesongen og gjekk tilbake til fastlandet. Slik takka Sysselmannen og lokalfolket skute og mannskap.

Men det var vel enkelte som stussa då skuta hadde fått den gjeve kontrakten og skulle inn til Longyearbyen med sin nye status første gongen i juni 1979. Polarstar vart liggande fast i isen langt ute i Isfjorden i fleire dagar og måtte til slutt få hjelp av den russiske isbrytaren Murmansk for å kome til kai.

Det var fleire reiarlag som låg frampå då Sysselmannen begynte å leite etter ein erstattar for Nordsyssel, som hadde tenestegjort i nesten tre tiår. Sysselmannen skulle no leige, ikkje eige.

I slutten av 70-åra auka aktiviteten og oppgåvene til Sysselmannen. Ikkje minst ved at han vart pålagt fiskerioppsyn ut til firemilsgrensa rundt Svalbard og fekk stadig fleire offisielle besøk til øygruppa. Behovet for båt vart større, og det skulle vere ein båt som både hadde god komfort, moderne samband og navigasjonsmiddel og helikopterdekk. Skuta skulle tåle å visast fram. Ho ville bli Sysselmannens ytre andlet.

Og der var ei politisk side: Det var viktig at Sysselmannen markerte det norske nærværet og viste at Noreg hevda suvereniteten sin. Han ville ha ei skute som kunne ta seg fram i arktisk farvatn. Det var lite ønskjeleg å måtte påkalle sovjetiske isbrytarar i tide og utide.

Justisdepartementet, som er Sysselmannens overordna, gjorde ei grundig vurdering av dei ulike ishavsskutene som var aktuelle. Polarstar var verken billigast, sterkast eller nyast, men gjorde likevel det beste inntrykket på byråkratane. Skipper og mannskap var nemnt. Interessant nok vart det også lagt vekt på at det ville ”få heldige distriktsøkonomiske konsekvenser” å leige Polarstar. Konkurrerande skuter frå Tromsø, sa dei, ville ha lettare for å finne alternativ sysselsetting.

Sysselmann Jan Grøndahl sa at han ikkje var ”sjøkyndig”, men han ville ha Polarstar.

For Karlsen-reiarlaget vart det ei god og trygg inntekt då selfangsten butta. Den første sesongen for Sysselmannen vart det betalt 10 750 kroner dagen i leige. Og dei dagane sysselmannsfolk og gjestar var om bord, betalte dei 70 kroner ekstra for kost og 20 små kroner for ei eventuell køy. Og satsane auka fort. I 1987 var døgnleiga meir enn dobla, til 23 650 kroner, og kostøret totalt på 250 kroner for tre måltid. Ei køy på Polarstar var prissett til 160 kroner døgnet, ein kraftig prosentvis auke frå åtte år tidlegare.

Standarden på sysselmannsskuta var i praksis bestemt av den same Jan Grøndahl. Og dei første par åra var det livleg korrespondanse mellom Longyearbyen, departementet og reiarlaget i Brandal om små og store endringar. Dusjar måtte pussast opp, ventilar isolerast betre, nye omnar settast inn i lugarane. Sysselmannen etterlyste oppvaskmaskin og potetskrellar i byssa og teppe i korridorane. Han ba om ein leselampe her og nye gardiner der, ein handvask hit og eit nytt dusjforheng dit. Eit skap trong maling og ein stol måtte skiftast ut. Ved eitt høve då Polarstar melde seg for sesongstart med reparerte borddukar, ”forlangte sysselmannskjerringa heile skiten vekk og bestilte nye frå Tromsø”, som ein av mannskapet formulerte det.

Men for Sysselmannen var det avgjerande at skuta tidvis var eit representasjonsfartøy som kunne ta om bord både norske og utanlandske gjestar. Derfor installerte han også barskap – og utstyrte alle lugarane med spyposar!

Det var ein del av avtalen at Sysselmannen, når han var om bord, var øvste sjef for alt unntatt navigeringa. Då disponerte han også skipperlugaren. Mannskapet hadde teie-plikt og fotoforbod, om nødvendig.

Likevel, finare enn dei hadde det i desse åra, kunne mannskapet knapt få det, med særtillegg for Svalbard og skatt på nivå med utanriksfarta. Og spanande turar rundt heile øygruppa, ikkje minst når Sysselmannen la ut på den årlege inspeksjonsrunden sin og dei gjekk i veker innom det som var av fjordar, øyer og fangsthytter.

– Då kosa dei seg veit du, då fekk dei saker på utførsel. Han Bondevik røykte sigar. (Rolf Nakken om då utanrikskomiteen i Stortinget var på fjordtur med Polarstar på Svalbard)