Historie

Norges første selfanger i stål. «Polarstar», eit viktig kulturminne.

”Polarstar” var første spesialbygde selfangstfarty i stål, bygd i Glasgow, Skottland i 1948. Skuta var delvis sveisa og delvis klinka. Seinare har det også vorte sveisa rundt naglane i huda. Skuta hadde måla: LOA 151 fot, 424 brt. Den hadde ei Atlas polar diesel på 900 hk.

Eigarar var Martin Karlsen, Peter Karlsen, Karl Karlsen og Kristoffer Marø. Sistnemnde var skipper om bord frå den var ny i 1948 tom. 1952. Skuta var første gang på selfangst i 1949. Den var bygd først og fremst for selfangst, men hadde ei rekkje spanande oppdrag med ekspedisjonar og frysefart. Den var på selfangst ved Newfoundland kvart år frå 1949 og fram til 1982 då den var – i lag med “Melshorn” og “Veslemari” – siste norske skute på selfangst der. Polarstar var såleis den skuta som fangsta lengst av dei norske på Newfoundland.
I 1952 vart gangane på begge sider innebygd. Tre år seinare fekk den nytt Liaaen propellanlegg med vribare vingar, og med alle kontrollar frå tønna. I 1966 fekk den ny hovudmaskin; ein Deutz på 2000 HK, og skuta blir overført frå Polarfart AS til Martin Karlsen AS.

Då skuta vart levert frå James Lamont & Co Ltd, var namnet på den «Polarfart». Dette namnet har ei anna tyding på engelsk enn på norsk, så skuta skifte namn til «Polarstar» før den gikk i isen første gang i 1949.

«Polarstar» var ei topp moderne skute då den kom til Noreg hausten 1948 og fikk fiskerimerke M-14-HD. Det var også den største norske selfangar på den tida. Mannskapslugarane var store, og ombord var det ein komfort ein berre kunne drøyme om på ei ishavsskute. Det var lugarar med køyplass til 36 ombord. Etter avslutta selfangsttur i 1949 gikk skuta rett i teneste for Konglege Danske Handel i fart på Aust-Grønland. Med fryseri om bord opna det seg nye muligheiter for ei ishavsskute, og «Polarstar» vart i mange år brukt til transport oppdrag av matvarer i Europa og på austkysten av USA. I 1961 vart det montert undervasskamera på skuta. Oppdraget var og fotografere dei transatlantiske telefon og telegraf kablane mellom Europa og Nord Amerika.

I 1968, rett før fangstslutt, miste «Polarstar» roret. «Martin Karlsen» kom til og fekk slepe «Polarstar» heim. Oppunder norske kysten rauk sleparen i eit forykande uver, og skuta dreiv hjelpelaust rundt. Til slutt lukkast det «Martin Karlsen» og få ein ny slepar ombord ved å feste i ei blåse på sleparen og la den drive ned til havaristen.

Alt i 1964 var «Polarstar» chartra til oljeleiting av det canadiske selskapet GSI. I åra etter var skuta ute på mange slike liknande oppdrag utanom selfangstturane. I 1971 vart skuta hyra av eit Fransk firma som skulle leite etter olje ved Edgeøya. På dette oppdraget var det også med helikopter. Dette var vanlegvis stasjonert på land, men om kvelden den 1. november vart det for mørkt å flyge til land, så helikopteret vart tjora på helikopterdekket på skuta. Neste morgen når dei skulle ta av var dekket rima, og helikopteret dreia brått og rotorvengen kutta av eit mastestag for deretter og treffe ein av davidane. Det tok fyr i motoren på helikopteret og brennande bensin rann utover dekk fram mot bruvingane. Mannskapet kom til og fekk tippa helikopteret på sjøen.

Også sommaren i 1973 var «Polarstar» engasjert til oljeleiting på Edgeøya. Under manøvrering til Rieber kaia i Tromsdalen vart dei overraska av sterk straum og vind og dreiv ned på Tromsøbrua utan at dei klarte og unngå det med vidare manøvrering. To taubåtar kom til og assisterte «Polarstar», men dei kom seg ikkje klar før straumen slakna av.

«Polarstar» skulle også få mange år på Svalbard. Frå 1970 var skuta baseskip for ekspedisjonar der. I første rekke var det Norsk Polarinnstitutt som var oppdragsgjevar. Etter selfangstsesongen i 1979 vart skuta hyra inn av den Norske stat til å overtake som sysselmannsbåt på Svalbard. Denne kontrakten vart stadig fornya, og «Polarstar» fungerte som sysselmannsbåt kvart år frå omlag midten av mai til fram under jul til og med 1988. I alle desse åra på Svalbard har den assistert å berga ei rekkje fartøy i farvatna rundt Svalbard.

Frå 1990 var «Polarstar igjen tilbake på Svalbard, denne gang i turistfart for Svalbard Polar Travel. Mens små og dårlege skuter gjekk med passasjerar kun i Isfjorden og på vestsida, var Polarstar fantomskipet som gjorde rundtur kring heile Svalbard.

I åra 1989 til 1998 var den årvisst på selfangst i Vestisen. Etter selfangstturen til Vesterisen i 1998, fekk ikkje skuta lenger godkjente papir til selfangst, og det vart då også slutt på farta for Svalbard Polar Travel. Skuta vart no tatt ut av drift og lagt i opplag. Etter ei tid vart den solgt til Atlantic Marine AS for opphogging og sal i deler. Ei gruppe entusiastar med Bjarne og Lars Brandal i spissen sette i gang ein redningsaksjon for å bevare skuta for etterslekta. Etter ein stor dugnadsaksjon og ei gruppe sponsorar, vart «Polarstar» i god stand igjen, og var klar for fangst i vesterisen igjen i 2005. Skuta var også på selfangst i åra 2006 og 2007.

Etter dette kom det nye og strengare reglar, og eigarane makta ikkje og ruste ut skuta på nytt. «Polarstar» vart til salgs igjen i 2008, og ei ny gruppe med entusiastar med Willy Nesset i spissen overtok skuta og berga den frå opphogging for andre gong.

«Polarstar» er heilt klart ei skute med stor historisk verdi. Det var den første stålskuta til Norge, og den, førebels, siste skute på selfangst frå Sunnmøre. Svært mange frå Brandal, Hareid, Sunnmøre og ja, heile landet, har eit nært forhold til «Polarstar». Det mest karakterisitske og spesielle, er nok at ho har samme linjene og i grove trekk same utforminga utvendig som skuta hadde i 1948 då ho kom. Ikkje mange om nokon som har endra utsjånad så lite på 60 år!

I desember 2013 går “Polarstar” til Stetin i Polen for ei full overhaling og restaurering. Det er no Willy Nesset som eig skuta og står bak den omfattane restaureringa. Polarstar kom heim til Brandal i august 2017 restaurert for over 20 mill. kr.

I mai 2022 kjøper Ishavsmuseet M/S Polarstar gjennom Veteranskutelaget Polarstar.