”Det var ikkje so lett i dei dagar, då det var skort på mest allslag material som trengdest, og av den grunn var der ingen norske verft som kunne ta på seg arbeidet. Etter mange om og men fekk dei avtale med James Lamont Shipyard i Port Glasgow, Skottland, sjølv om og der var smått om material.

Ingeniørfirma Lund Mohr & Gjæver- Engen stod for teikning og berekning og konstruksjon, men det var heller ikkje so enkelt, for i Norge fanst der ingen normer eller reglar for bygging av stålfartøy med full isklasse. Einast Finland hadde slike reglar for bygging av isgåande farty i Finskebukta, og det var desse reglane som vart brukt som rettesnor for styrkeberekning. Skuta skulle leverast sommaren 1948, men der var ingen bindande dato sett, og det drog ut og drog ut. Lamont var nok ikkje av dei mest effektive verfta, og elles var arbeidsmoralen temmeleg lav på engelske og skotske verft på den tid.