– Då va’ det temmelig stilt ei stund, ja.

Det er vel slikt som kallast Øyeblikket. Då noko skjer og alle ser at det skjer og alle veit at det som skjer kan få fryktelege konsekvensar, og dei kan ikkje gjere noko for å hindre det. Øyeblikket til Knut Harald Kvammen var under lossing av dynamitt på Polarstar i Canada i 1964 då ein sylinder med sprengstoff ramla av hivet. Det var dei sekunda det tok frå sylinderen reiv seg laus og velta over og dala ned att i lasterommet, der det stod fire mann og følgde fallet med store auge. Temmeleg stilt.

Kvammen (f. 1944) frå Elnesvågen i Romsdal var matros om bord. Han hadde vore med skuta sidan året før og kryssa Nord-Atlanteren fleire gonger alt. Frakta proviant og juletre frå Københamn til Holsteinborg på Vest-Grønland, og laks og grønlandsrøye tilbake, akkar frå Brønnøysund til Færøyane og saltfisk frå Færøyane til Grimsby i England. Og så til Newfoundland på selfangst. Straks etter at fangsten var levert i Brandal og skuta hadde vore ein snartur i dokk for å smøre, gjekk turen til Canada igjen for å vere med på oljeleiting med seismikk utanfor Nova Scotia.

Teknologien kravde minst to farty, eit som sprengde og eit som drog kabelen og lytta. På oppdraget til Polarstar var der tre skuter med, ei ekstra som skulle sprenge saman med nordmennene. I Halifax fekk Polarstar lasterommet fullt av dynamitt pakka i sylindrar, som så vart henta opp på dekk og boren bak på hekken etter kvart som det skulle skytast ute i havet.

– Vi hadde rortørna, og på fritørna så bar me dynamitt. Å slik gjekk no dagan’.

– Korleis kommuniserte dokke?

– Det kom eit pipesignal då når vi skulle spenne av garde. Det va’ eigne folk som stod for det. Amerikanara’.

Men så var det altså slik at Polarstar vart skoten lekk ein gong, og skuta måtte inn til verkstad. Då vart sprengstoffet lossa før reparasjonen. All dynamitten måtte over i ei jernbanevogn medan skuta låg i dokk.

Det var då det skjedde dette som gjorde at det vart så stille på Polarstar. Mannskapet hadde fått innprenta frå første stund at det var farlege saker dei handterte, og det var ikkje fritt for at lasten hadde slite på nervane.

– Det va’ flær’ ta’ amerikanaran’ og vi i mannskapet som lossa opp i jernbanevognine’, og siste hivet som skulle opp va’ litt for fullt. Det va’ ein slik kontainer, finerkasse det me lossa ‘ti, og då når me skulle til å svinge ut siste hivet så datt det ein sylinder ut og ner’ i rommet. Hehe… I’ sto på jernbanevogna, i’ såg føre me’ at no kom det en forferdæla’ smell. Men det skjedde ikkje nåkko. Og dei fire karan’ som sto ned’ i romma’, dei fekk omtrent sjokk, da veit du. Det va’ stille lenge, ja.

– Og desse jankiane som styrte og skaut, var det cowboyfakte på dei?

– Neidå, det va’ skikkela’ folk ja, for å seie det slik. Men ‘n derre andre båten som førte dynamitt for oss, den gjekk i lufta.

– Det var av dynamitten?

– Ja. Han fekk brann i maskinrommet, vi såg røyken, men ikkje nåkka flamma til å begynne med da. Men dei forlot båten med ein einaste gong. Så han vart no liggandes å drive då. Og brann. Utrulæ’ kor det brann når det fekk fyr i rommet der. Trur han låg på fem nautiske mil avstand. Og so small det nåkka so skikkelæ’, ja. Då brann heile rommet, og fenghettene, tennsatsane hadde han fram’ på bakken, han også. Og når ditta rausa saman og datt nær’i rommet, då va’ det at det small.

– Og båten forsvann?

– Ja, då va’n berre vekk. Såg ikkje igjen nåkkå. Det va’ omtrent ikkje vrakgods ette’n hell’. Vi såg nåkka spant og nåkka styr som flaut opp, berre nåkka småbita’.

– Korleis gjekk det med fisken når dokke skaut?

– Vi hadde sonar, vi veit’u, det va’ vel æn av grunnan’ til at ‘n fekk jobben, tru’ i’, så når det vart registrert nåkka særlig med fisk, så vart det stopp i skytinga. Men det kom no opp fisk ja, klart det gjor’ det. Å’ viss vi var litt djupar’, så kom det opp ein del uer. Så då va’ vi der med troa og fekk tak i’n.

– Sende dokke dynamitten ut gjennom eit rør når dokke hadde kveikt lunta, eller korleis var det?

– Nei, det va’kje eit rør. Det va’ som æn lineleggar kan du sei’, som ei plattform so’ du la dei oppå, så surra dei saman så mange som det sku’ ver’, så festa dei på blåsa før dei slepte det, og så gjekk det så og så langt i frå, så kom signalet, og då vridde dei på brytaren så det small. For lunta den følgte med ut, skyteledninga.

– Kor djupt var dynamitten når det small, då?

– I’ innbill’ mæ’ at det kunne ver’ snakk om rundt 15 meter, av og til mindre. Akkurat ditta husk’ i’kje hælt, det va’ litt forskjellig. Me fekk beskje’ om at no skulle æn lade med så og så mange sylindra’ og så og så djupt. Men så va’ det no ikkje so fole djupne der vi var hell’ då.

– Heldt dokke på med seismikken utover sommaren og hausten også?

– Me heldt i alle fall på ut august. På slutten då så gjekk me nordover utafor Newfoundland og skulle skyte der. Og der var det djupar’, så det var lenger og større ladninga’. Men der vart så mykkje dårlæ’ vêr så i’ tru’ me slutta av litt tidlegar’ enn vi skulle.

– Forstod dokke at dokke var pionerar på den tida?

– Nei, det va’kje så fole mykkje snakka om, men vi visste jo at det ikkje va’ så mange som hadde hille’ på med ditta der. Og så var det no litt hemmelig. Men ja, ‘ta va’ tidlæ’. Det e’ hælt sekkert.

– Alle som har vore på Polarstar, seier at ho aldri låg stille. Var det mykje slingring?

– Ja, slingra gjorde ho. Å’ ikkje hadde ho slingrekjøla heller da, veit du. Men det va’ jo en god båt, da.