– Verdens beste sjøbåt!

Det er mange som har vore mannskap på Polarstar og som er fulle av lovord om skuta, men få som vågar dei største orda. Jon Jakobsen er vilkårslaus: Den beste!

– Eg var med ein gong då oss låg vel fire døger i orkan. Du skulle ha sett kor flott ho braut dissa svære brota som kom. Der kom ikkje inn ein skvett!

Jon Jakobsen var på ishavet første gongen i 1951, med Tjørvågskuta Pels. Dette var dei eventyrlege åra, då unggutar kunne ta inn 6-7000 kroner på nokre få veker. Jon ville vere med også i 1952, men vart innkalla til militærteneste. Det var rett før skutene skulle gå til Vesterisen, så han skreiv til Kongen og ba om utsetjing. Men Kongen var nådelaus: Jakobsen hadde å møte til rekruttskule. Bittert.

– Så under fangsten i Vesterisen sat eg på skulebenken. Då kom sonen til maskinisten om bord i Pels, oss var inne i lag, han kom litt rar bort til meg. Han såg ikkje bra ut, så eg spurte han om han var dårleg. Pels har gått ned i Vesterisen, sa han. Nei søttan heller, sa eg, og eg som skulle vere med.

Det var det store ulykkesåret då fem skuter forliste og 79 mann kom vekk. Alle 14 om bord i Pels vart borte.

– Det var ikkje nokon god følelse, og eg måtte ha meg ei stund for meg sjølv på brakka. Og slik som eg hadde banna ned militæret og heile skiten for at eg gjekk glipp av turen!

Han fekk tre år på Polarstar midt på 50-talet, med gode fangstar ved Newfoundland og spanande turar i frysefart imellom. Det var mange som ikkje forstod at dette fartøyet var i stand til å krysse dei store verdshava. Då dei ein gong lossa i Rotterdam, kom sjømannspresten om bord og spurde kor dei kom frå. Nei, dei kom no frå Statane. Næææ, sa han, med denne vesle skuta? Ja, sa Jon Jakobsen og forsikra at han mykje heller ville vere her om bord i ”denne vesle skuta” enn i mange av dei store lastebåtane som dei møtte på havet.