Av alle dei underlege fraktoppdraga Polarstar hadde etter fangstsesongane på 50- og 60-talet var det eitt i 1957 som særmerkte seg. Dette var i den tida då ”Kalle” Karlsen i Halifax skaffa skuta mange oppdrag. Han var populær blant mannskapet. Ein dag kom han om bord og sa at han hadde ein tur som var så spesiell at dei som ville vere med på han, skulle få del av fortenesta, i praksis dobbel hyre. Jon Jakobsen fortel at det vart lenge stille då mannskapet fekk vite kva dei i så fall skulle gå med:

– Vi skulle laste skuta steike full med dynamitt!

Men Kalle var ein mann å stole på, og ingen gjekk i land:

– Ja, de skal få 100% over betaling, sa han. Og det heldt han også, vi fekk godt betalt i tillegg til hyra vi hadde. Nei, han Kalle va’ ein snyta kjekke’ kar å ha med å gjere.

Lasten skulle om bord i Sorel, langt oppe i St. Lawrence-elva. Polarstar fekk ikkje gå til kai, men måtte ligge midt i elva for å ta om bord lasten. Sprengstoffet kom ut til dei med pram.

– Oss va’ full lasta med dynamitt i romet og fenghette framme i baugen. Det var reine torpedoen altså! seier Ernst Hovlid, som også var med på turen.

Mannskapet fekk kvalifisert instruksjon

St. Lawrence-elva er sterkt trafikkert. Her går det båtar til og frå Ottawa og Montreal. Og sjølv om ho er stor og brei, skal det godt sjømannskap til å ta eit fartøy fylt av dynamitt ut til havet. Det kom los og to kara med kvite hanska om bord og var skikkelege verdensfolk, seier Jon Jakobsen, men dei vart spake då dei høyrde kva lasten var.

– Den eine av karane vart nesten skjelven. Du veit, Polarstar og ishavsskutene slingra no av den minste ting, berre du va’ så syndige du svinga litt. Og straum i tillegg naturlegvis. Så han eine i kvitehanskane, som frå før av var skjelven, han ropte og skreik for kvar minste manøver. Så då vi endeleg kom ut i munningen der, så tok han av seg hua og turka sveitten.

Mannskapet fekk kvalifisert instruksjon om lasten, som skulle til Venezuela. Ein representant frå produsenten forklarte grundig om farane, kva lasten tolte og ikkje, at ein godt kunne køyre over ein dynamittgubbe eller to utan at dei ville smelle. Det viktige var sjølvsagt at tennsatsar og lunter var halde vekke frå sjølve sprengstoffet – dei vart stua i lugarane framme i baugen. No var ikkje dynamitt ukjend for karane om bord. Dei var fangtsfolk og hadde alle brukt slikt i isen. Dei følte at dette hadde dei kontroll med.

Og dei hadde litt moro av å sjå korleis andre fartøy reagerte når dei såg dei to svære, raude flagga som var heist på Polarstar. Sørover langs Amerika-kysten auka skipstrafikken, og mannskapet humra kvar gong dei såg møtande båtar svinge godt ut og forbi. Dei store hammarhovudhaiane som kom dei i møte, brydde seg derimot mindre om dei åtvarande flagga. Å ha dei heilt inn til skutesida var utriveleg, syntest nordmennene.