Då Martin Karlsen og Kristoffer Marø bestilte den nye skuta i Skottland, meinte dei at dei hadde funne eit feiande flott namn: Polarfart. Dei oppretta også eit selskap med same namn som skulle eige skuta. Men det var nok ein og annan verftsarbeidar som drog på smilebandet der dei måla namnet på skutesida. Engelskkunnskapane var noko svakare blant nordmenn den gongen, og det tok litt tid før eigarane innsåg at dei hadde sytt for litt latter og moro ved namnevalet.

Dei engelske ordbøkene forklarer den siste delen av namnet – ”fart” – som det folkelege ordet på det som i medisinske termer heiter ”expel intestinal gas from the anus”. Altså: Å sleppe ut tarmgass. Eller fise, på meir daglegnorsk. ”Fart” i denne tydinga har vore brukt i engelsk i mange hundre år, men truleg helst i dei lågare sosiale laga. Ordet er gjerne merka med varseltrekant i ordbøkene, og merknader som ”often vulgar” og ”not in polite use”. ”Fart” er også brukt i omtale av menneske. Då er det tale om folk som er mislikte, irriterande og ubehagelege – som i ”the old fart”, den gamle surpompen.

Den nybygde selfangaren gjekk frå verftet i Glasgow i 1948 under det ikkje lenger så stolte namnet Polarfart. Men reiarane forsto at dei hadde gjort ein blunder, og fekk raskt påført skuta det nye namnet Polarstar. Det var naudsynt, med tanke på at skuta skulle i frysefart og ville kome til å anløpe britiske hamner forholdsvis ofte den hausten.

Magnus Sefland skreiv i 2011 om namnet Polarfart i Isflaket. Han fortalde at det eit drygt tiår etter moroa i Skottland vart bygd ei anna skute med det same namnet i Tromsø. Ho gjekk på ishavet som Polarfart til ho vart selt til Canada i 1981. Sefland skriv om etterdønningane av det sunnmørske namneskiftet:

”I 1951 kom Odd Vollan si bok ”Ishavsfart” (sic!) ut. Boka skulle markere femti år sidan starten på ishavsfangst frå Sunnmøre i 1898 og skulle eigentleg ha kome ut i 1948. Men av ulike grunnar kom ikkje boka ut før i 1951. På den tid var Polarstar eitt av dei mest moderne fartøya. Eit fotografi i boka viser den nye skuta. På fotografiet har det opphavlege namnet Polarfart vore leseleg. Men nokon har prøvt å skrive inn den nye siste del av namnet for hand på sjølve fotografiet. Også den handskrivne rettinga har kome med i boka.