Hareid skule på tur med Polarstar

BEST DAY EVER🤩
I dag har 7.trinn hatt alternativ skuledag med sykkeltur til Brandal, på besøk hjå Ishavsmuseet og tur med Polarstar, og skipperen vår denne dagen var ingen ringare enn ordføraren, Bernt Brandal.
Denne dagen har vi gleda oss til i lang tid. Vi fekk omvisning på Ishavsmuseet og vi fekk sjå film og lære om Ragnar Thorseth. Når omvisninga var ferdig gjekk vi ombord i Polarstar. Båten gjekk frå Brandal og inn til Hareid, og på turen stoppa vi slik at vi fikk fiske. Og jammen fekk vi ein fisk også! Vi har verkeleg hatt ein super dag, tusen takk til alle som har bidrege til at dette var mogleg å gjennomføre! Ein dag for minneboka helsing 7. klaasse Hareid skule.