Ishavsmuseet og Soknet inviterer til dagstur med Polarstar søndag 21. mai med avgang frå ishavsmuseet kl. 09.00.

Det er med stor glede og entusiasme vi inviterer deg til ein dagstur i særklasse!
Ishavsmuseet og soknet samarbeider om denne dagen og turen går frå Brandal til Hjørundfjorden, der det vert Gudsteneste kl.12.00 «under Slogen» og varm lunsj i etterkant.

Dersom veret og anna tillett det, går vi ein tur til Bjørke før vi returnerer til Brandal der vi legg til kai ca. kl. 18.00
Turen er open for alle som kan tenke seg å vere med. Alle må syte for å ha med kle til ulike verforhold, barn under 10 år bør ha på eigen flytevest under fart.
Dei første 25 som melder seg er sikra plass!
(Dette er eit minimum for at turen vert gjennomført)

Gudstenesta ved foten av Slogen er ved Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.

Pris inkluderer båttur, varmlunsj, kaffi, kake, gudsteneste og fellesskap.

Maks 50 plassar,
Påmelding seinast 15.mai
SMS til 92 09 01 74 eller kjøp din billett her.