2. pinsedag, 29. mai 2023, kan du vere med ishavsskuta Polarstar på ettermiddagstur til den berømte fugleøya Runde, ytst mot storhavet. Øya er ein populær utfartsstad året rundt, men er spesielt spanande om sommarstid på grunn av det yrande fuglelivet. I sesongen finst det mellom 500.000 og 700.000 sjøfugl på øya, dei fleste lever på fuglefjellet.
Runde er ei av mange øyer i øygruppa «Sørøyane» sørvest for Ålesund. Det er den sørlegaste fuglefjellet i Norge, og den største fugleøya sør for polarsirkelen.
Turen startar på Brandal kl. 12.00 og går via Ålesund, med avgang Ålesund kl. 13.15. Deretter set vi kursen for Runde fyr og vidare rundt fuglefjellet. På returen går vi nær Grasøyane på selsafari og kanskje er vi heldige og ser sel på turen. Tilbake i Ålesund ca. kl. 18.00 og Brandal kl. 19.00.
Inkludert i prisen er ein spanande båttur med veteranskuta Polarstar, servering av fiskesuppe og brød, og kaffi.